Kategorier
Tilskot

Tilskot til landbruket

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til utvikling av landbruksnæringa i fylket. Vi har to ordningar med søknadsfrist 1.oktober 2021

·       Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 

·       Rekruttering og kompetanseheving i landbruket  

Midlane skal mellom anna bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane, auka lokal matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, og verdiskaping basert på utmarksressursane.  

Søknad skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no. Meir informasjon finn de i lenkjene.