fbpx
Kategorier
Arrangement Kompetanse

Kurs i rekrutteringsstrategi

Bli knallgod på rekruttering!

Saman med PwC og Akvahub inviterer Framtidsfylket til kurs i rekrutteringsstrategi. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis di bedrift kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.  

 Kursdato 

15. september 

Stad og tid

I lokala til Akvahub i Leirvik.

Kl 10 – 14. Det blir servert enkel lunsj

Pris 

kr 1700,- per deltakar.

I løpet av kurset skal vi fokusere på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi, og finne svar på:

  • Kva kompetanse det er behov for? 
  • Kva fokus bedrifta har med tanke på kort – eller langsiktig rekruttering?
  • Når og korleis skal ein annonsere? 
  • Korleis ein tek imot, tek vare på, og takkar av dei tilsette?
  • Kva rekrutteringsstrategien har å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?

Kurset vil også svare på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane.

  • Kva er rekrutteringskommunikasjon?
  • Kva mål har vi med ulike rekrutteringstiltak? 
  • Kva tiltak har bedrifta i dag? 
  • Kva målgrupper rettar vi oss mot? 
  • I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?

Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I lag med innspel og erfaring frå  deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket vil vi styrke dykkar kompetanse innan rekruttering

Har du spørsmål om utfyllande informasjon ta kontakt med Framtidsfylket v/ Linda Hovland eller Christian Vik i Akvahub.

 Frist påmelding: 10 september.