fbpx
Kategorier
Tilskot

Søk støtte: SPV næringsfond

Sparebanken Vest sitt næringsfond region Sogn og Fjordane sitt kjerneområde er å gi starthjelp til gode forretningsidèar som kan skape nye arbeidsplassar i regionen vår, samtidig som dei bidreg aktivt til grøn omstilling og berekraftig utvikling

Fondsstyret skal ha nytt møte i slutten av april, så no er det tid for å sende inn søknad og prosjekt som styret kan vurdere.

Frist for å kome med i denne runden er 6.april!

I 2016 fekk Rekkje Stiutvikling støtte i ein krevjande fase, les meir om gründer si erfaring med fondet på www.kpvest.no . Der finn de også meir informasjon om fondet og lenke til søknadsskjema.