fbpx
Kategorier
Fjaler Fjaler Næringsutvikling Næringsplan

Møte om ny næringsplan

Arbeid med ny næringsplan for Fjaler 2021-2025

Bakgrunn

Fjaler kommune har vedteke oppstart av arbeid med ny næringsplan for Fjaler for perioden 2021 – 2025. Fjaler Næringsutvilking er prosjektleiar for prosessen, og målet er handsaming i kommunestyret juni 2021. 

Dagleg leiar i FnU, Trond Thomassen er prosjektleiar og styret i FnU er styringsgruppe. Det er lagt opp til ein prosess med brei involvering og forankring i næringslivet.

Framdrift

  • Nov/Des 2020: Bransjevise møter med næringslivet, idèmyldring og innspel.
  • Jan/feb 2021: Oppsummering av innspel frå bransjemøta.
  • Feb/mar 2021: Presentasjon av arbeidet og innspel så langt i felles møte med næringslivet og kommunen. Drøfting og høyring av hovudutfordringar og hovudmål, høyringsfrist 31. mars.
  • April 2021: Innspelsrunde og fellesmøte vedr. handlingsdel for å nå hovudmåla.
  • Mai 2021: Ferdigstilling av framlegg og overlevering til Fjaler kommune.                      

Teams-møte

Det skal arrangerast eit felles Teams-møte med næringslivet i Fjaler tysdag 16 mars kl 18:00.

Vi ønsker at så mange som mogleg deltar. Ta kontakt pr mail til; trond.thomassen@fnu.no eller ring 95 22 50 58,  om vi ikkje har fått deg med på innkallinga.