fbpx
Kategorier
Fjaler Næringsutvikling Kompetanse

Leiarprogram for kvinner

Innovasjon Norge køyrer i gang med leiarkurs hausten 2020. Kurset er modulbasert og består av fire samlingar. Ein kan velje å ta kurset på Voss, i Sogndal eller i Loen.

Nokre av fokusområda under programmet:

  • Korleis forstå samanhengen mellom  eige liv og den ein er som leiar?
  • Korleis forstår ein system og relasjonar?
  • Kva betydning har personlege verdiar, profesjonsverdiar og felles verdiar ?
  • Kva samanheng har relasjonell kompetanse og kommunikasjon?
  • Kor stor verdi har di eiga merksemd i leiarrolla?

Vi treng mangfold og vi treng fleire kvinner i leiande posisjonar. Er du allereie leiar eller har eit ynskje om å bli det, kan dette programmet vere eit godt val.

Målsetjinga til programmet er å gjere kandidatane bedre rusta i leiarrolla si og til å jobbe med leiarskapen sin. Dette er altså eit program som jobbar med kandidaten på mikronivå, ikkje eit tradisjonelt kompetanseprogram med eksamen og innleveringar. Dei trur dette vil vere god karriereutvikling for den enkelte, i tillegg til at det gir nytteverdi for bedrifta.  

Målgruppe: 

Ferske leiarar eller medarbeidarar med leiarpotensiale.
PS: Programmet er godt sponsa av Innovasjon Norge. 

Få ledige plassar