fbpx
Kategorier
Kompetanse

Gratis utdanning

Folkeuniversitetet har no tre ulike tilbod på fagskulenivå, der det er mogleg å få gratis plassar betalt av det offentlege gjennom koronamidlar. Til vanleg kostar ein slik studieplass kr. 53.000,-Alle tre utdanningane er godkjent av NOKUT og dette er studietilbod, som ein kan ta via Internett og virtuelt klasserom. Studiet eignar seg særleg godt for dei som har fagbrev frå før. Fullført utdanning gir 30-60 studiepoeng. 

  1. Utdanning som logistikkoordinator og logistikkassistent. Oppstart er 21 september.
    Les meir om dette faget her: https://www.folkeuniversitetet.no/nor/Fagskole-hoeyere-yrkesfaglig-utdanning/Logistikkfagskolen 
    25 studieplassar er offentleg finansiert. Det er fortløpande opptak til desse plassane og tilbodet går ut nasjonalt. Førebels er det ledige plassar.
  2. Prosjektleiing – undervisning via virtuelt klasserom. Oppstart er måndag 12 oktober. 
    Les meir om dette faget her: https://www.folkeuniversitetet.no/nor/Fagskole-hoeyere-yrkesfaglig-utdanning/Ledelsesfagskolen/Prosjektledelse-60-stp.?kurs=48168
    25 studieplassar er offentleg finansiert. Det er fortløpande opptak til desse plassane og tilbodet går ut nasjonalt. Førebels er det fleire ledige plassar.
  1. Rekneskapskonsulent – undervisning via virtuelt klasserom. Oppstart er 21 september.
    Les meir om dette faget her: https://www.folkeuniversitetet.no/nor/Fagskole-hoeyere-yrkesfaglig-utdanning/Regnskapsfagskolen/Regnskapskonsulent-60-stp.?kurs=53061 
    25 studieplassar er offentleg finansiert. Det er fortløpande opptak til desse plassane og tilbodet går ut nasjonalt. Førebels er det ledige plassar.