Til næringsdrivande i HAFS regionen.
Invitasjon til KARRIEREMESSA I DALE 2022
Vi er no i gang med planlegging av den neste karrieremessa i Dale. Dette er og har vore eit samarbeid mellom næringskontora i regionen, Dale Vidaregåande Skule og Hafs regionråd heilt sidan 1998, då den første messa gjekk av stabelen.
Den kommande karrieremessa skal vere tysdag 08. februar 2022.
Den viktigaste grunnen for å delta som næringsdrivande er å vise ungdommen mangfaldet og dei mange moglegheitene for arbeid og framtid som finst i regionen.
Eit samla næringsliv ynskjer å sikre rekruttering, auka kompetanse og nytenking.
Å vise seg fram, arbeide aktivt for å gjere nettopp bedrifta di attraktiv for ungdommen, vil garantert bidra til å styrke interessa og draumane til dei yngre for å vende tilbake ein dag dei har sluttført utdanninga si.
Det er viktig at ungdomen ser kva som rører seg i regionane slik at dei vel på ein målretta måte vidare utdanningslaup.
Vi kjem tilbake litt fram i tid med eit nærmare innhald og eit endeleg program som vil strekkje seg frå ca. kl 10 til 14.30 den dagen.
Med helsing
Arbeidsgruppa for KARRIEREMESSA I DALE 2022