fbpx
Kategorier
Covid19 Fjaler Næringsutvikling Tilskot

Kompensasjonsordning

Fjaler kommune har til rest NOK 250 000 kroner i kommunal kompensasjonsmidlar, løyvd av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som har blitt hardt ramma av smitteverntiltak i 2021, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsrdningane.

Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal-og moderniseringsdepartementet.

Kven og kva kan det gjevast tilskot til

Midlane skal brukast på tiltak for små og mellomstore lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • helt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
  • har kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstegning

Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:

  • Reiseliv, arrangement og serveringsstader
  • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiseliv
  • Tilskot til autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.   

Storleik på tilskotet som det kan søkjast om

Ingen størrelse er satt, men disponible restmidlar tilgjengeleg  for denne ordninga er på  NOK 250 000.

Krav til søkarane

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Fjaler kommune
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/ tvungen avvikling.
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte foretaket har mottatt i løpet av 2019, 2020 og 2021.
  • Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga.

Søknadsfrist: 08.10.21

Søknadsportal og forholdet til regelverket

Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel « Kommunal kompensasjonsordning for Fjaler kommune».

Tilskot til verksemder må vera i samsvar med regelverket for offentleg støtte.