Bli knallgod på rekruttering!
Saman med PwC og Akvahub inviterer Framtidsfylket til kurs i rekrutteringsstrategi. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis di bedrift kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.
Kursdato
15. september
Stad og tid
I lokala til Akvahub i Leirvik.
Kl 10 – 14. Det blir servert enkel lunsj
Pris
kr 1700,- per deltakar.
I løpet av kurset skal vi fokusere på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi, og finne svar på:
- Kva kompetanse det er behov for?
- Kva fokus bedrifta har med tanke på kort – eller langsiktig rekruttering?
- Når og korleis skal ein annonsere?
- Korleis ein tek imot, tek vare på, og takkar av dei tilsette?
- Kva rekrutteringsstrategien har å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?
Kurset vil også svare på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane.
- Kva er rekrutteringskommunikasjon?
- Kva mål har vi med ulike rekrutteringstiltak?
- Kva tiltak har bedrifta i dag?
- Kva målgrupper rettar vi oss mot?
- I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?
Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I lag med innspel og erfaring frå deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket vil vi styrke dykkar kompetanse innan rekruttering
Har du spørsmål om utfyllande informasjon ta kontakt med Framtidsfylket v/ Linda Hovland eller Christian Vik i Akvahub.
Frist påmelding: 10 september.