fbpx
Kategorier
Fjaler Næringsutvikling Næringsplan Utvikling

Arbeid med ny næringsplan

Fjaler kommune har starta prosessen med å utvikle ein ny strategisk næringsplan for perioden 2021 – 2025. Eksisterande plan vart vedteken i 2012, og sidan næringslivet endrar seg, må planen oppdaterast. Fjaler Næringsutvikling ved dagleg leiar vert prosjektleiar for prosessen.

Utvikling av ny næringsplan bør vere godt forankra i næringslivet. Som ein konsekvens av dette er det ønskeleg at næringslivet skal ta ansvar og bidra til at vi får utarbeida ein næringsplan som skal gjere det lettare for bedriftene å utvikle seg lokalt i kommunen, samt legge forholda til rette på best mogleg måte for nyskapning, f.eks gjennom klynge og næringsstrukturar.

Samtidig har kommunen eit ansvar for å følge opp de punkta der Fjaler kommune er nevnt, slik at begge partar innstiller seg på å bidra til at Fjaler kommune blir ein attraktiv vekstkommune og ein god stad å bu. 

Styret i FNU har valgt å dele inn næringslivet i sektorar som gjer at vi vel å organsisere oppstarten av arbeidet i arbeidsgrupper fordelt på dei ulike bransjane som er aktuelle for Fjaler.  Kvar gruppe har fått ein gruppeleiar som vil få ansvar for å gjennomføre arbeidsmøte. Trond Thomassen vart valgt som koordinator for dette arbeidet og vil delta i gruppemøta. 

IT – Helse og energiMagnar Høyvik
Bygg og AnleggOve Jonny Berge
Energi og IndustriStein-Arne Ottesen
Reiseliv, handel og besøksnæringMarita Solheim
Primærnæring/ Landbruk/GardsmatKjartan Åsnes 
Marine næringarHans Andre Lammetun
FOU, Skule og UtdanningSynnøve Rivedal
Private helsetjenesterInger Johanne Osland
Anna tjenesteytingKent Svortevik (Vest rådgivning)

Korona

Pga. nye korona utbrudd og innskjerpa møte- og bevegelsesfriheit, vil vi basere oss på 1 meter regel og begrense antal i gruppemøta og ellers andre hensyn som må takast. Det vil difor kun vere max. 10 deltakarar fysisk på møtet, i tillegg til gruppeleiar og dagleg leiar i FNU. Om det er fleire enn 10 som ønskjer å delta med innspel, så kan dåke sende innspel på utviklingstiltak, flaskehalsar og tiltak for dykkar bransje direkte til dagleg leiar i FNU på mail trond.thomassen@fnu.no.

Tid og stad

Styret i FNU ønsker at arbeidsmøta blir gjennomført i løpet av november.  Møta vil bli holdt på kveldstid. Vi ser for oss 2 arbeidsmøter pr kveld, i tidsromma kl. 17-19 og kl. 19-21.

Vi ser for oss oppstart allerede uke 47.

MØTESTAD: Møterom i 2. etasje på Dale Senter. 

Næringsplanen skal gjelde for perioden 2021-2025.

Agenda til gruppemøta

  • Innleiing med litt historikk og demografisk utvikling (plansjer), 10 min.
  • Arbeidsoppgaver, presentert av gruppeleiar. Diskusjon og innspel.
  • Pause, kaffe/ mat (kl. 18 og kl. 20)
  • Fortsettelse arbeid, samt referat / konklusjonar.

Spørsmål:

  1. Kva skal til for at din bransje skal blomstre? Dei 3 viktigaste tiltaka for at det skal gå framover. Kva er flaskehalsane i dag?
  2. Korleis kan kommuneadministrasjonen / kommunen forbedre seg? Kva er flaskehalsane her?
  3. Nevn nokre hovedmål for din sektor? Kva ønsker vi å oppnå når tidsperioden er over?

Organisering

  • Prosjektleiar er dagleg leiar i FNU.
  • Styringsgruppe er styret i FNU.
  • Prosjekteigar er kommunestyre

POLITISK HANDSAMING

Næringsplanen skal handsamast i kommunen juni 2021.

INNKALLING

Innkalling til arbeidsmøtet vil bli sendt saman med dette informasjonsskrivet.

TIL SLUTT

Det er ikkje sikkert at vi klarer å nå ut til alle bedriftene i kommunen. Det kan være ulike grunnar til dette. For å være sikker på at alle skal få høve til å uttale seg viss nokre bedrifter er utegløymt, så legg vi dette ut på Facebook og FNU si nettside, der kvar enkelt kan sende inn ting dei har på hjartet til Næringssjefen pr. mail. (trond.thomassen@fnu.no).