Nytt frå FNU

200 000 i Bulystmidlar til PreForm
PreForm - vidareutvikling av Fjaler kommune som arena for internasjonal kunst og kulturproduksjon.
Sommar og ferie i Fjaler
Reiselivsnæringane i Fjaler er klar til å ta imot deg som turist, anten du er frå Fjaler, kjem langvegsfrå eller er frå nabokommunen
Hauglandsenteret utvidar
15 nye pasientplassar og minst 13 nye stillingar
 

Siste stillingar

Haugland Rehabiliteringssenter utvidar - fleire ledige stillingar
Senteret har fått ny, utvida avtale med Helse Vest og skal difor auke opp fagstaben.
Ledige stillingar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Søker nye medarbeidarar til Helseavdelinga og Administrasjonen
Kafè og bar
Transplant

Om Fjaler Næringsutvikling

Fjaler Næringsutvikling er ei uavhengig foreining som i utgangspunktet ikkje skal ha inntekter på eigen produksjon. Våre eigarar er næringsdrivande i Fjaler, Fjaler Sparebank og Fjaler kommune. Vi har over 100 medlemmar hovudsakleg frå næringslivet, men også nokre privatpersonar og organisasjonar. Vi er to tilsette, dagleg leiar og næringskonsulent.

FNU er etablert i trua på at eigarskap og engasjement frå næringslivet vil gje ei betre næringsutvikling enn eit reint kommunalt engasjement. Vi meinar at eit velfungerande næringsliv er basis for all berekraftig utvikling.

Vår hovudoppgåve er å hjelpe nyetablerarar og eksisterande verksemder med tiltak som bidreg til ei positiv utvikling for Fjalersamfunnet. I tillegg har vi også ansvar for å samarbeide med kommunal administrasjon for å ivareta kommunale næringssaker. Noko av drifta vår er finansiert av skattepengane dine, du må difor gjerne sette krav til oss.

slide.gif

Fotografi og animasjon: Oddmund R. Haugen © 2008

Kontakt oss

Fjaler Næringsutvikling

6963 Dale i Sunnfjord

post@fnu.no
Tlf.: 57 73 76 76