fbpx
Kategorier
Ukategorisert

Invitasjon til KARRIEREMESSA I DALE 2023 – Set av datoen! 

Den kommande karrieremessa vert tysdag den 7. februar 2023 kl 10-14.30 i

Fjalerhallen i Dale i Sunnfjord

Den viktigaste grunnen å delta for di bedrift er å vise ungdommen mangfaldet og dei mange moglegheitene for arbeid og framtid som finst i regionen.

Å vise seg fram, arbeide aktivt for å gjere nettopp di bedrifta attraktiv for ungdommen, vil garantert bidra til å styrke interessa og draumane til dei yngre for å vende tilbake ein dag dei har sluttført utdanninga si.

Vi er no i gang med planlegging av den neste karrieremessa i Dale. Dette er og har vore eit samarbeid mellom næringskontora i regionen, Dale Vidaregåande skule og HAFS regionråd heilt sidan 1998, då den første messa gjekk av stabelen.

Vi kjem tilbake med påmeldingsinfo og endeleg program innan utgangen av oktober.

Med helsing

Arbeidsgruppa for KARRIEREMESSA I DALE 2022