Fjaler har eit driftig og variert næringsliv. Vi har tatt ein prat med nokre representantar for å lodde stemninga litt i ulike bedrifter og bransjar.
Hauglandssenteret og United World College
Turen startar i Flekke, ned til den skjerma oasen på Haugland der vi finn to viktige og spennande bedrifter. Ute er det stille morgon og frostrøyken siv utover ein blank fjord. Men når du kjem inn dørene blir du møtt av varme og eit yrande liv med folk og aktivitetar.
«Fjaler treng nokon som kan sjå næringslivet som heilskap og sikre rekruttering på tvers»
Med til saman omlag 130 årsverk, 1300 pasientar i året, 200 elevar frå heile verda og UWC Connect med 3000 deltakarar årleg på leirskule, sommerleir osv er dette betydelege arbeidsplassar og ei viktig kompetanseklynge som gjer ein forskjell både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Hauglandssenteret er det største rehabiliteringssenteret på Vestlandet og UWC Red Cross Nordic er som namnet tilseier det einaste United World College i Norden.
Les meir om UWC Red Cross Nordic
Les meir om Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Pecom AS
I moderne, flotte lokale heilt på bryggekanten på Ysteneset held Pecom AS til. Her arbeider ein dyktig gjeng som har stålkontroll på prosjektstyring. Pecom bidreg til at prosjekt blir gjennomført som planlagt og at prosjekteigarane får gjennomført prosjekta til avtalt tid, avtalt kostnad og med avtalt kvalitet. – I tillegg har vi meget gode HMS resultat i prosjekta, fortel Jonny Pedersen. – Vi håpar at endå flere i Sogn og Fjordane ser nytten av å få profesjonell prosjektleiing.
«FNU må skape nettverkarenaer og bistå med utvikling av eksisterande bedrifter.»
Frå basen sin her i Fjaler styrer dei prosjekt i heile landet. Akkurat no har dei store, pågående prosjekt for Lyse Produksjon, Sognekraft og Sira Kvina kraftselskap. I tillegg bidrar Pecom med nøkkelpersonell i utbygginga av Jølstra Kraftverk.
Undervegs har dei utvikla prosjektstyrings-programvara Unosys. Pecom ser stort potensiale i marknaden og har ambisjonar om vidare vekst.
Dale Senter
Dale senter er under ombygging og påbygging. Dette blir eit stort løft for Dale sentrum når det står ferdig til våren. Det blir nye flotte butikklokale samla i første etasje, motell og kontorlokale i andre og leilegheiter på toppen. Her vil FNU ha kontora sine i samlokalisert med andre bedrifter. Senteret er ein sosial møteplass for både innbyggarar, tilreisande og næringsliv.
Hald deg oppdatert på kva som skjer på Dale Senter på Facebook
Sport Dale
I eit midlertidig lokale på Dale senter driftar Erik Dale og dei tilsette sportsbutikken med eit bugnande vareutval. Dei er midt i ei krevjande omstillingsfase, men gulrota med nye, store, flotte lokale lokkar på nyåret. Han ser kvar dag at senteret er ein viktig sosial møteplass langt utover det å handle.
«FNU må og sjå det «vanlege» næringslivet og legge tilrette for bustadutvikling»
Sjå meir om Sport Dale på Facebook
Blomstertorget
Nokon som har flytta inn i dei nye lokala er Blomstertorget. Dei ser stor verdi i å drive næring i lag med andre slik som på Dale Senter. Ho meiner det er viktig med møteplassar for erfaringsutveksling og samarbeid, kanskje spesielt for mindre bedrifter der få personar skal ha mange roller.
«FNU må legge til rette for at vi kan spele kvarandre gode»
Sjå meir om Blomstertorget på Facebook
Hansen Technologies
Hansen Technologies (tidlegare Enoro) er ein leiande leverandør av programvare og tenester for energibransjen i Norden. Sidan starten i 1992 har dei vakse til å bli eit robust miljø som no er del av Australske Hansen Technologies. Frå kaikanten i Dale driv dei eit høgteknologisk selskap med unik innsikt i energibransjen.
«Fjaler treng ein ambassadør som kan synleggjere alt det gode som skjer her»
Sjå meir om Hansen Technologies
Følg Hansen Technologies på Facebook