fbpx
Kategorier
Ukategorisert

Statusoppdatering juni 2022

Ein etterlengta statusoppdatering frå Fjaler Næringsutvikling 🙂

Tidlegare daglig leiar Trond Thomassen har fått ny jobb i Bergen og vi ynskjer lykke til. Han blir nok å sjå i Dale i helgane då han skal pusse opp Thomassen huset.

Det er ikkje lenger tildeling av midlar til kommunale næringsfond. Det er derfor beslutta at Fjaler Kommune overtar forvaltningsansvaret for det kommunale næringsfondet og Covid midlar. Dette ansvaret er det no kultursjef Ingeborg Tysnes som har. Det er lite med tilgjengelige midlar igjen på fondet.

Det har nyleg vore gjennomført årsmøte der det blant anna vart vedtatt at FNU skal vere ein medlemsorganisasjon utan tilsette.

Styret til FNU er også blitt større og ser slik ut:

Styreleiar:

Richard Skår

Styremedlemmer:

Ove Jonny Berge

Leonora Kleiven

Asbjørn Harkestad

Kim Frode Solheim

Tone Undertun

Gard Nedrebø

Kjetil Ness

Det er starta ein prosess for å sjå på korleis nærings- og samfunnsutviklinga for Fjaler Kommune skal organiserast framover. Dette er ein viktig prosess for næringslivet og FNU er involvert i denne prosessen.

Om nokon ynskjer å kontakte FNU for råd, innspel eller kva det måtte vere som angår næringslivet er det mulig å kontakte styret ved styreleiar Richard Skår.