fbpx
Kategorier
Fjaler Næringsutvikling

Oppsummering 2021

Til nye og eksisterande medlemmer i Fjaler Næringsutvikling.

Basert på dei siste års reknskap er det kjekt å sjå at medlemsmassen er aukande. Undersøking utført etter oppdrag fra FNU styret viser også at våre medlemmer ynskjer at FNU bl.a skal forbli som ein frittståande organisasjon.

Mykje positivt har skjedd i Fjaler til tross for fortsatt Covid-19 virus og store utfordringar for alle i samfunnet.

Kompensasjons- og fondsmidlar

Fjaler kommune vart tildelt ekstraordinære covid-19 midlar ( omstillingsmidlar) på NOK 730 509 og kompensasjonsmidlar ved tap som følgje av korona på NOK 500 000  for 2021.

Umiddelbart ser ein at korona midlane frå staten dekka kun ein brøkdel av reelle tap for utsette bedrifter i kommunen. Likevel har disse midlane vorte brukt godt til dei av bedriftene som var mest råka av pandemien.  Fleire har måtte gjere radikale omstillingar og omlegging av drift, og eigenkapitalen til nokre av bedriftene blei betydeleg svekka.

For nokre av desse bedriftene har FNU vore ein samtalepartnar, medhjelpar og rådgivar. Dette gjelder også oppstarts bedrifter og selskap som har vore aktive ei stund.

FNU har opplevd stor interesse blant næringsdrivande for å nyttiggjere seg av kommunale næringsfondsmidlar. FNU har bidratt med kompetanse og rådgiving i søknadsprosessane, og tilbakemeldingane og nytteverdien av slike midlar har vore gode.

Pr. dags dato er det igjen NOK 450 000 i kommunale fondsmidlar. Totalt 19 prosjekt er under arbeid.

Akkumulerte driftsmidlar er ved utgangen av året på NOK 800 000, før medlemsavgift/ service avgift er innbetalt.

Optimisme og samarbeid

Det er aukande optimisme i næringslivet i Fjaler. Det er også befolkningsvekst i kommunen.

Dale VGS har ei positiv utvikling og ny Barne og Ungdomskule i Dale er på plass.

Fjaler Næringsutvikling samarbeider godt med Askvoll og Hyllestad når det gjelder utveksling av informasjon og om næringssamarbeid. Spesielt godt samarbeid har FNU også hatt med Dale VGS. Nyleg har næringsansvarlege i Fjaler, Askvoll og Hyllestad tatt på segansvaret med å arrangere karrieremesse/ næringsmesse i Fjalerhallen 2022. Fjaler Næringsutvikling kjem tilbake med ny dato når tidspunkt er bestemt. Dette pga. ny runde med Korona.

«Kaldhallen» er også ferdigstilt. Mykje dugnadsarbeid er nedlagt, noko som er viktig i ein kommune som Fjaler.

Strategisk næringsplan

Fjaler Næringsutvikling er svært takksam for alle innspel frå næringslivet til ny strategisk næringsplan, der endringsforslag og struktur på planen skal arbeidast vidare med slik at endeleg plan blir vedtatt våren 2022.

Samlingar og møteplassar i 2022

Etter kvart som korona slepp tak, ser ein for seg å kunne sosialisere seg igjen.

Det er planlagt 4-5 sosiale samlingar (temakveldar) neste år med ulike program, der kommune og næringsliv blir invitert.

Dette for å styrke samhaldet, ta opp ulike tema og diskutere problemstillingar i ein sosiale setting med mat og drikke.

Første sosiale samling blir i mars neste år med tema; Rekruttering.

Næringslivet og representantar frå kommunen vert invitert.

Dette blir ein møteplass for å styrke nettverk, utveksle idear og ytringar for å skape betre kommunikasjon og openheit som kommunen og næringslivet kan ta med seg videre i arbeidet med å skape ein god kommune for innbyggjarane.

Det er også eit ynskje å starte opp E-gaming som skal avviklast på kveldstid. Det er lagt opp til 4-5 slike samlingar i året.

Dette er ein møteplass der ein skal ha det gøy med konkurranse, leik og moro for å bygge gode relasjonar og vennskap.

Framtidig organisering

Til slutt-ein kan i framtida sjå for seg å gjere endringar på arbeidsmodell for FNU, der selskapet går frå å være eit selskap som bidrar med fondsmidlar, til å bli eit meir reindyrka serviceselskap for næringslivet og kommunen.

FNU kan, om medlemmene ynskjer dette, bidra i langt sterkare grad med å skaffe midlar til lokale bedrifter gjennom nye tilskots ordningar, samt kunne meir aktivt bidra med rådgiving i nye og eksisterande selskap. 

Medlemene i FNU er vår viktigaste diskusjonspartnarar i arbeidet med  å utvikle ein arbeidsmodell for FNU for framtida som er god for næringslivet og kommunen vår.

Vi set stor pris på våre medlemmar og ser fram til eit spanande år, der vi saman skal vidareutvikle FNU til å bli ein viktigare del av næringslivet i kommunen.

FNU takkar for eit godt samarbeid i 2021, og håper med dette å sjå fram til eit godt samarbeid vidare.

Ha ei riktig fin Jul og eit Godt Nytt år til alle!

Dale ,15.12.21


Med helsing
Fjaler Næringsutvikling
Trond Thomassen