fbpx
Kategorier
Arrangement

Lansering Grøn Region Vestland

Sist måndag ble hovudrapporten frå prosjektet Grøn region Vestland lansert. Men prosjektet har jobba nedanfrå og opp for å finne dei grøne innovasjonsprosjekta og -konsepta som skal ta oss inn i ei grønare framtid, og hovudrapporten bygg på fire knakande gode regionale rapportar som tek temperaturen på grøn omstilling i regionane.

Førstkommande fredag 3. desember vil den regionale rapporten for Fjordane bli lansert på Comfort Hotel Florø kl. 13-15. Her vil du få ein gjennomgang av alt det spennande som skjer i regionen, og interessante kommentarar frå dei som står midt oppi det grøne skiftet kvar dag. Arrangementet blir også strøyma.

Meld deg på her for fysisk eller digital deltaking: https://www.vestlandfylke.no/kalender/2021/gron-region-fjordane/.

Du må gjerne også dele invitasjonen i nettverket ditt.

Vi håpar du har moglegheit til å delta!

Program

TidInnhaldKven
13.00Velkomen til lansering og kvifor «Grøn region Vestland»?Varafylkesordførar Natalia Golis og Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Noreg
13.20Framlegging av funn frå hovudrapport og Grøn region FjordaneVegard Sjursen og Maren Kamlund, EY
14.00Korleis jobba med grøn næringsutvikling i FjordaneOla Teigen, ordførar i Kinn
14.15Lefdal Mine + SjømatStaden = sirkularitet i praksisMats Andersson, marknadsdirektør i Lefdal Mine Datacenter og Vidar Hjartnes, SjømatStaden
14.30Panelsamtale: korleis realisere grøn vekst i Fjordane?Leiast av Rolf Sanne-Gundersen, seniorrådgjevar i Eviny og tidlegare næringssjef i Sunnfjord
 Asbjørn D. Løland, dagleg leiar i Akvahub 
 Gunnhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling 
 Mats Andersson, marknadsdirektør i Lefdal Mine Datacenter 
 Vidar Hjartnes, SjømatStaden 
 Vegard Sjursen, direktør i EY 
14.55AvslutningVarafylkesordførar Natalia Golis og Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Noreg