fbpx
Kategorier
Covid19 Fjaler Næringsutvikling Tilskot

Søk kompensasjon

Er bedrifta di pålagt å stenge, eller har du hatt omsetningsfall som følge av korona-pandemien? No kan du søke staten om kompensasjon

Kven kan søke?

Verksemder med minst 30% omsetningsfall (20 % for mars, 30 % for april og mai) som følge av koronavirusutbruddet, får kompensasjon frå staten.

Størrelsen på kompensasjonen vil avhenge av:

  • kor mykje omsetningen har falt
  • størrelsen på foretaket sine uunngåelige faste kostnader
  • om foretaket er pålagt å stenge av staten

Ordninga vil i utgangspunktet gjelde for mars, april og mai, og utbetalingane vil skje etterskuddsvis basert på faktisk omsetning i dei aktuelle månadane.