Ledig stilling: Dagleg leiar

Vil du vere med og skape vekst og utvikling i Fjaler?

Som dagleg leiar i Fjaler Næringsutvikling (FNU) blir du ein viktig ambassadør for Fjaler. Sparringpartnar for næringslivet. Del av heiagjengen til gründerane. Samarbeidspartnar for kommunen. Pådrivar for utvikling og vekst i regionen. 

Ambassadør for Fjaler

Du ser langt fram og legg strategiar, men er og til stades med tiltak som trengst her og no. Du skaper møteplassar og legg til rette for nettverksbygging. Du gir marknadsføringa og synlegheita til regionen eit løft. Du tek pulsen på næringslivet og sørger for at FNU utviklar seg i takt med behova og samfunnet elles. Du ser moglegheiter for samarbeid og synergiar på tvers av bedrifter, bransjar og grenser. Du leier og driftar FNU med stø hand. Du brenn for å gjere Fjaler til ein attraktiv plass å arbeide og bu! 

Heiagjeng for gründerar

Personlege eigenskapar

  • Relasjonsbyggar
  • Driftig og utadvendt
  • Strategisk med sterk gjennomføringskraft
  • Gode seljareigenskapar

Pådrivar for vekst og utvikling

Erfaring og utdanning

  • Gjerne høgare utdanning innan relevante fag som f.eks. marknadsføring, reiseliv, entreprenørskap, innovasjon, leiing, økonomiske/administrative fag
  • Men kven du er og kva du har gjort er viktigare enn kva du har studert
  • Det er ein stor fordel om du har relevant erfaring
  • Norsk flytande
  • Førarkort kl B treng du for å komme deg fram i fagre Fjaler 

Sparringpartnar for næringslivet

Vi tilbyr deg 100% fast leiarstilling i tett samarbeid med eit variert og driftig næringsliv.
Næringslivet er klar til å satse, er du?

Kontakt

Interessert? Du får meir informasjon og kan sende søknad og CV til Styreleiar Marita Solheim: marita@fjordkysten.no 

Søknadsfrist: 01.12.19

  • Gratis utdanning
    Folkeuniversitetet har no tre ulike tilbod på fagskulenivå, der det er mogleg å få gratis plassar betalt av det offentlege gjennom koronamidlar. Til vanleg kostar ein slik […]
Vil du vere med og skape vekst og utvikling i Fjaler?

LEDIG STILLING: Som dagleg leiar i Fjaler Næringsutvikling (FNU) blir du ein viktig ambassadør for Fjaler. Sparringpartnar for næringslivet. Del av heiagjengen til gründerane. Samarbeidspartnar for kommunen. Pådrivar for utvikling og vekst i regionen. SJÅ MEIR: https://fnu.no/ledig-stilling-dagleg-leiar/

Publisert av Fjaler Næringsutvikling Mandag 18. november 2019