Nytt frå FNU

Gründerprisen 2010
Kven meiner du fortener å vinne?
Næringsreisa i HAFS 9. og 10.august
Næringslivet inviterer lærarane i HAFS på rundtur
200 000 i Bulystmidlar til PreForm
PreForm - vidareutvikling av Fjaler kommune som arena for internasjonal kunst og kulturproduksjon.
 

Siste stillingar

Kafè og bar
Transplant

Hauglandsenteret utvidar

17.06.2010
15 nye pasientplassar og minst 13 nye stillingar

Helse Vest Regionale helseføretak ynskjer å utvide driftsavtala med Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Auke i bemanning betyr at senteret kan tilby fleire pasientplassar, raskare behandling og eit meir tilpassa tenestetilbod. Ein vil også opne eit heilt nytt dagtilbod, der pasientar kan komme på dagtid og reise heim etter behandling. Gjennom den nye avtala får senteret moglegheit til å auke den faglege kometansen, noko som både styrkar tilbodet og kjem lokalmiljøet og nabokommunar tilgode. Senteret vil i løpet av kort tid søke etter lege, fysioterapeutar, idrettspedagog, ergoterapeut og administrasjonsmedarbeidarar og assistentar.

Administrerande direktør, Inger Johanne Osland, rosar engasjementet til dei tilsette ved senteret og saman set dei seg nye mål for å sikre framtida.

Når Helse Vest fordeler sine avtalar vert dette gjort gjennom anbodskonkurransar, der ein legg størst vekt på kvalitet, og deretter pris og tilgjengelegheit.

Kontakt oss

Fjaler Næringsutvikling

6963 Dale i Sunnfjord

post@fnu.no
Tlf.: 57 73 76 76