Lutelandet industriområde
Lutelandet ligg i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Kommunen har ca 3000 innbyggjarar og eit rikt kultur - og fritidstilbod og næringsliv. Lutelandet er under ein times køyring frå næraste flyplass. Frå Bergen er det tre timar med bil.
Lutelandet er eit over 3000 mål stort industriområde sentralt plassert nær store gassfelt og store mineral-ressursar. Her kan delar av Noregs CO2-problem bli løyst. Det kan produserast fornybar energi og fjerne CO2 på same tid. . Industriområdet ligg sentralt ved skipsleia med ryddig og god innsegling til det planlagde hamneområdet. Området er også veleigna for produksjon av fornybar kraft. Difor er det under planlegging ein vindpark på 50 MW vest på industriområdet. Lutelandet Utvikling AS er selskapet som står for utviklinga på Lutelandet.
Veg, kai og etablering av vindkraft og offshoretenester
På Lutelandet byggjer ein no veg og kai. Vegen skal vere ferdig på nyåret 2010 og kaia skal vere ferdig sommaren 2010.
Statoil og Vestavind Kraft AS har underskreve ein samarbeidsavtale som betyr at Statoil New Energy blir ein strategisk partnar i Lutelandet Energipark. Statoil New Energy skal også stå for utbygginga av vindparken. Konsesjonssøknad er sendt.
Det er også skreve ein leigeavtale med Lutelandet Offshore AS. Lutelandet Offshore AS starta opp 1.9.2009 og er eit selskap som skal selje servicetenester innan Offshore bransjen. Selskapet vil satse innan tre områder, vindmøller og vatnkraft, riggar og skip, kondemnering av offshore installasjonar.
Selskapet har som mål å samarbeide med anerkjente og dyktige leverandører innen alle fagområdar. Selskapet er privat eigd av Helldal & co med fleire. Det inngår i Helldal-gruppen og blir det fjerde selskapet i konsernet. Selskapet har signert avtale med Lutelandet Utvikling AS og gjennom denne sikra retta på inntil 1400 mål urørt industritomt på Lutelandet.
Informasjonsportal – Navitas Network (tidlegare LOG)
Fjaler Næringsutvikling og Lutelandet Utviklinga har avtale med Navitas Network for å opprette Lutelandet som eit prosjekt på portalen til Navitas Network. Portalen vart starta under utbygginga av Ormen Lange. Formålet var at lokalt næringsliv skulle få del av utbygginga. Portalen har vakse til å inkludere olje og gass – utbygging i Noreg. Den nye navneendringen frå LOG til Navitas Network gjenspeilar også satsingar på vindmølle og fornybar energi i tillegg til internasjonal marknad. På Luteland-portalen vil det kome informasjon om utbygginga og nokre kontraktar vil bli utlyst der.
Link til
Lutelandet Utvikling AS www.lutelandet.no
Lutelandet Offshore AS www.llof.no
Vestavind Kraft AS www.vestavindkraft.no
Statoil ASA www.statoil.com
Navitas Network www.navitasnetwork.no
Kontakt oss
6963 Dale i Sunnfjord
post@fnu.no
Tlf.: 57 73 76 76
