Nytt frå FNU
Siste stillingar
Fjaler kommune
Fjaler er ein kystkommune på sørsida av Dalsfjorden i sørvestre delen av Sogn og Fjordane. Kommunesenteret Dale ligg vel 40 minutts køyring frå regionsenteret Førde. Det tek omlag like lang tid å køyre frå kommunesenteret til Lammetun lengst i vest i kommunen og til Heggheim lengst søraust. Etter regulering av kommunegrensene i 1990 gjekk alt landarealet på nordsida av Dalsfjorden til Askvoll og Gaular kommunar og kommunen fekk Våge krins lengst i vest.
Geografi
Kommunen har eit landareal på vel 400 km2. På grunn av langstrakt form skifter landskapet frå typisk kystlandskap i vest til innland med relativt høge fjell i aust. Lokaliseringa gjer til at vi er utsette for sur nedbør. Mellom anna av den grunn vart det i 1997 sett i gang fullkalking av Guddalsvassdraget - største vassdraget i kommunen - frå 1997.
Folketal
Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar.
Sysselsetting
I Dalsfjorden har det vore kultur for å drive industri i mange år. I dag er berre ein del att - t.d. skoproduksjon (Dale Sko AS og Fjaler Sko AS) og skiproduksjon (Åsnes ski AS) som utgjer tyngda av denne type arbeidsplassar. Fjaler er på mange måtar ein typisk landbrukskommune med ei etter måten svært sterk satsing på skogreising. Kulturlandskapet ber mange stader sterkt preg av dette. Elles har vi fiskeoppdrettsbedrifter som spelar ei stor rolle for kommunen både med omsyn til arbeidsplassar og økonomi. Reduksjonen i tal arbeidsplassar i industrien vert noko på veg kompensert med vekst i kompetansebaserte verksemder der datafirmaet Elis AS og Planteforsk Fureneset er dei største.
Skule/kultur
Kommunen har ein svært lang og sterk skuletradisjon - Frå Nikka Vonen sin
pikeskole og fram til Dale vidaregåande skule i Dale og Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) - «Verdsgymnaset» på Haugland i Flekke. Kommunen presenterer seg gjerne som ein kulturkommune - i dag med både nordisk og internasjonalt preg. Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen er saman med RKNUWC grunnlaget for dette. Lyrikaren Jakob Sande var fødd og vaks opp i Dale.
Kontakt oss
6963 Dale i Sunnfjord
post@fnu.no
Tlf.: 57 73 76 76
