Nytt frå FNU
Siste stillingar
Kontorhotellet i Dale senter
På Kontorhotellet satsar ein på fellesløysingar. Her deler nye og spennande Fjaler-verksemder både maskinpark, kontorlandskap og pauserom.
Kontorhotellet vart etablert av Fjaler Næringsutvikling 1. august 2006 og ligg i tredje høgda i Dale Senter. Det er meint å vere eit servicetilbod til verksemder i Fjaler, og tilbyr mellom anna lokaler for etablererar og fellesløysingar på breidbandstilkopling og maskinpark.
Det er i dag sju medlemsverksemder som har kontor i tredje høgda i Senteret. Her har ein tilgang på felles kontorutstyr, som faks, skrivar og scanner. I tillegg har ein felles lunsjrom, som gjer at det blir eit godt miljø mellom bedrifter som elles hadde jobba på eigenhand.
For meir informasjon, ta kontakt med Fjaler Næringsutvikling
Kontakt oss
6963 Dale i Sunnfjord
post@fnu.no
Tlf.: 57 73 76 76
