Nytt frå FNU

Gründerprisen 2010
Kven meiner du fortener å vinne?
Næringsreisa i HAFS 9. og 10.august
Næringslivet inviterer lærarane i HAFS på rundtur
200 000 i Bulystmidlar til PreForm
PreForm - vidareutvikling av Fjaler kommune som arena for internasjonal kunst og kulturproduksjon.
 

Siste stillingar

Kafè og bar
Transplant

Næringsliv i Fjaler

Fjaler har om lag 3.000 innbyggjarar, og ligg i Sunnfjord. Næringslivet er variert og dei fleste bransjar er representert. Kommunen har rike industritradisjonar, og har i dag bl.a. det fremste IT-miljøet i fylket. I tillegg har ein stor aktivitet med mange verksemder innanfor havbruk. 

Fjaler er ein god kommune å bu og arbeide i. Vi har full barnehagedekning, og eigen vidaregåande skule. Idrettstilboda er mange og gode. Vi er ein kulturkommune, med Nordisk Kultursenter og mange lag og organisasjonar. Naturen i kommunen vår spenner frå hav til fjell, med gode høve til jakt og fiske.

Vi har gode kommunikasjonar til og frå kommunen. Det er berre 15-20 minutt til Førde Lufthamn. Køyretida til Bergen er 2,5 timar. Vi har snøggbåtsamband med Bergen og Nordfjord.

Fjaler har felles arbeidsmarknad med bl.a. Førde, Hyllestad og Askvoll, noko som gjer det mogleg å få tak i arbeidskraft, samt for andre i familien å finne interessant arbeid.

Arbeidet med næringsutvikling skjer gjennom Fjaler Næringsutvikling. Her kan etablerarar få informasjon og rådgiving, og hjelp med søknader. Fjaler Næringsutvikling har kontakt med Innovasjon Norge, og kan formidle kontakt med investorar.

Ta kontakt med Fjaler Næringsutvikling på telefon 57 73 76 76 eller epost post@fnu.no dersom du vil vite meir om føremonene ved etablering i Fjaler kommune.

Kontakt oss

Fjaler Næringsutvikling

6963 Dale i Sunnfjord

post@fnu.no
Tlf.: 57 73 76 76